13 Andre gongen dei kom, gav Josef seg til kjenne for brørne sine, og farao fekk vita om ætta hans.
14 Då sende Josef bod etter Jakob, far sin, og alt folket sitt, syttifem menneske.
15 Så reiste Jakob ned til Egypt, og der døydde både han og fedrane våre.
16 Dei vart førte til Sikem og lagde i den grava som Abraham hadde kjøpt av Hamor-sønene i Sikem og betalt med sølv.
17 Det leid no fram mot den tida då Gud skulle setja i verk det han hadde lova Abraham, og folket hadde vakse og vorte talrikt i Egypt.
18 Då kom det ein ny konge i Egypt, ein som ikkje visste noko om Josef.
19 Han fór med list mot folket vårt, var hard med fedrane våre og tvinga dei til å setja ut spedborna sine, så dei ikkje skulle få leva opp.