16 Dei vart førte til Sikem og lagde i den grava som Abraham hadde kjøpt av Hamor-sønene i Sikem og betalt med sølv.
17 Det leid no fram mot den tida då Gud skulle setja i verk det han hadde lova Abraham, og folket hadde vakse og vorte talrikt i Egypt.
18 Då kom det ein ny konge i Egypt, ein som ikkje visste noko om Josef.
19 Han fór med list mot folket vårt, var hard med fedrane våre og tvinga dei til å setja ut spedborna sine, så dei ikkje skulle få leva opp.
20 På den tid vart Moses fødd. Han var eit vent barn som Gud hadde hugnad i. I tre månader vart han fostra heime hjå far sin.
21 Så vart han utsett. Men dotter til farao fann han og fostra han opp som sin eigen son.
22 Såleis fekk Moses opplæring i all egyptisk visdom, og han merkte seg ut både i ord og i gjerd.