2 Stefanus svara:Brør og fedrar, høyr på meg! Herlegdomens Gud synte seg for Abraham, far vår, medan han budde i Mesopotamia, før han slo seg ned i Karan,
3 og sa til han: Far ut or landet ditt og bort frå ætta di, til det landet som eg vil syna deg!
4 Då reiste han frå Kaldearlandet og busette seg i Karan, og etter at far hans var død, lét Gud han flytta derifrå til dette landet som de no bur i.
5 Han gav han ikkje noko jord til eige der, ikkje så mykje som ei fotbreidd; men han lova at han og ætta hans skulle få landet til odel og eige, endå han ikkje hadde born.
6 Og Gud sa til han at ætta hans skulle halda til i eit framandt land, der dei skulle træla for folket og lida vondt i fire hundre år.
7 Men det folket dei skal træla for, vil eg døma, sa Gud, og så skal dei dra ut og halda gudsteneste på denne staden.
8 Og Gud gav han omskjeringspakta. Så fekk han sonen Isak og omskar han den åttande dagen. Og Isak fekk sonen Jakob, og Jakob vart far til dei tolv ættefedrane.