23 Då han hadde fylt førti år, fekk han hug til å sjå korleis det gjekk med brørne sine, israelittane.
24 Og då han såg ein som vart ille medfaren og leid urett, hjelpte han mannen og slo egyptaren i hel, så mannen fekk retten sin.
25 Han trudde at landsmennene hans kom til å skjøna at Gud ville bruka han til å berga dei; men dei skjøna det ikkje.
26 Dagen etter råka han på to menn som slost, og han prøvde å forlika dei og sa: «De er då brør, karar! Korleis kan de vera så vonde mot kvarandre?»
27 Men han som hadde gjort urett mot landsmannen sin, skuva han til sides og sa: «Kven har sett deg til hovding og domar over oss?
28 Du vil kanskje drepa meg, liksom du drap egyptaren i går?»
29 Dette svaret fekk Moses til å røma, og han slo seg ned som innflyttar i Midjan, der han fekk to søner.