27 Men han som hadde gjort urett mot landsmannen sin, skuva han til sides og sa: «Kven har sett deg til hovding og domar over oss?
28 Du vil kanskje drepa meg, liksom du drap egyptaren i går?»
29 Dette svaret fekk Moses til å røma, og han slo seg ned som innflyttar i Midjan, der han fekk to søner.
30 Då førti år var lidne, synte ein engel seg for han i øydemarka ved Sinai-fjellet, i logen frå ein brennande klungerrunne.
31 Moses såg dette synet og undra seg. Då han gjekk nærare og ville sjå etter, lydde Herrens røyst:
32 Eg er dine fedrars Gud, Abrahams og Isaks og Jakobs Gud. Men Moses skalv av redsle og våga ikkje sjå opp.
33 Då sa Herren til han: Ta av deg skorne! For staden du står på, er heilag jord.