34 Eg har sett kor ille folket mitt vert plaga i Egypt; eg har høyrt korleis dei klagar, og eg har stige ned og vil fria dei ut. Kom! For no sender eg deg til Egypt.
35 Denne Moses som dei ikkje ville vita av då dei sa: Kven har sett deg til hovding og domar? – han var det Gud sende til hovding og bergingsmann; og engelen som synte seg for han i klungerrunnen, skulle vera med han og hjelpa han.
36 Moses var det som førte dei ut og gjorde under og teikn i Egypt, ved Raudehavet og i øydemarka i førti år.
37 Han var det som sa til israelittane: Gud skal reisa opp ein profet som meg mellom dykk, ein av dykkar eigne brør.
38 Denne Moses var saman både med engelen som tala til han frå Sinai-fjellet, og med fedrane våre då dei var samla i øydemarka. Han fekk levande ord som han skulle gje oss.
39 Men fedrane våre ville ikkje lyda han. Dei viste han frå seg og ynskte seg attende til Egypt
40 og sa til Aron: «Lag oss gudar som kan gå føre oss. For vi veit ikkje kvar det har vorte av denne Moses som førte oss ut or Egypt.»