36 Moses var det som førte dei ut og gjorde under og teikn i Egypt, ved Raudehavet og i øydemarka i førti år.
37 Han var det som sa til israelittane: Gud skal reisa opp ein profet som meg mellom dykk, ein av dykkar eigne brør.
38 Denne Moses var saman både med engelen som tala til han frå Sinai-fjellet, og med fedrane våre då dei var samla i øydemarka. Han fekk levande ord som han skulle gje oss.
39 Men fedrane våre ville ikkje lyda han. Dei viste han frå seg og ynskte seg attende til Egypt
40 og sa til Aron: «Lag oss gudar som kan gå føre oss. For vi veit ikkje kvar det har vorte av denne Moses som førte oss ut or Egypt.»
41 Den gongen laga dei ein kalv og bar fram offer til denne avguden og gledde seg over eit verk dei hadde laga med eigne hender.
42 Då vende Gud seg frå dei og lét dei tilbe himmelhæren, som det står skrive i profetboka:Bar de fram for meg slaktoffer ¬og gåverdei førti åra i øydemarka, ¬du Israels ætt?