48 Men Den Høgste bur ikkje i hus bygde av menneskehand. For såleis talar profeten:
49 Himmelen er min kongsstolog jorda skammel ¬for mine føter.Kva slag hus kan de byggja ¬åt meg, seier Herren,eller kvar er staden ¬der eg kan kvila?
50 Er det ikkje mi hand ¬som har skapt alt dette?
51 Stivnakkar som de er, og uomskorne på hjarta og øyro! Alltid står de Den Heilage Ande imot, de som fedrane dykkar.
52 Kven av profetane var det fedrane dykkar ikkje forfylgde? Dei drap dei som føreåt forkynte at Den Rettferdige skulle koma, han som de no har svike og slege i hel,
53 de som tok imot lova etter påbod av englar, men ikkje har halde henne.
54 Då dei høyrde dette, vart dei så harme at dei skar tenner mot han.