9 Fedrane vart avundsjuke på Josef og selde han til Egypt. Men Gud var med han
10 og berga han gjennom alle vanskar. Han lét han vinna godvilje og gjetord for visdom hjå farao, egyptarkongen; og kongen sette han til å styra Egypt og heile sitt hus.
11 Så vart det uår i heile Egypt og Kanaan, og nauda var stor. Fedrane våre fekk ikkje tak i mat.
12 Men Jakob høyrde at det var korn i Egypt, og han sende fedrane våre dit fyrste gongen.
13 Andre gongen dei kom, gav Josef seg til kjenne for brørne sine, og farao fekk vita om ætta hans.
14 Då sende Josef bod etter Jakob, far sin, og alt folket sitt, syttifem menneske.
15 Så reiste Jakob ned til Egypt, og der døydde både han og fedrane våre.