16 Eg skal syna han kor mykje han må lida for mitt namn.»
17 Så gjekk Ananias. Då han kom inn i huset, la han hendene på Saulus og sa: «Saul, bror! Herren har sendt meg, Jesus, han som viste seg for deg på vegen. Du skal få att synet og verta fylt av Den Heilage Ande.»
18 Og straks fall det liksom skjel frå augo hans, og han fekk att synet. Han stod opp og vart døypt.
19 Så fekk han seg mat og vart styrkt.Han vart verande nokre dagar saman med læresveinane i Damaskus.
20 Der forkynte han straks Jesus i synagogene og sa: «Han er Guds Son.»
21 Alle som høyrde på, vart fulle av undring og sa: «Er ikkje dette han som i Jerusalem ville rydja ut alle som kallar på dette namnet? Og kom han ikkje hit for å gripa dei og føra dei til overprestane?»
22 Men Saulus fekk meir og meir kraft. Han målbatt jødane i Damaskus med dei prova han la fram på at Jesus var Messias.