22 Men Saulus fekk meir og meir kraft. Han målbatt jødane i Damaskus med dei prova han la fram på at Jesus var Messias.
23 Då det leid av ei tid, vart jødane samde om å rydja han or vegen.
24 Men Saulus fekk høyra om planen deira. Dei heldt jamvel vakt ved byportane dag og natt for å slå han i hel.
25 Men ei natt fekk læresveinane han ut; dei firte han ned etter muren i ei korg.
26 Då han kom til Jerusalem, freista han å halda seg til læresveinane. Men alle var redde han; for dei trudde ikkje at han var nokon læresvein.
27 Då tok Barnabas han med seg til apostlane. Og han fortalde dei korleis Saulus på vegen hadde sett Herren, som hadde tala til han, og korleis han med frimod hadde forkynt Jesu namn i Damaskus.
28 Sidan var han støtt i lag med dei i Jerusalem og tala frimodig i Herrens namn.