27 Då tok Barnabas han med seg til apostlane. Og han fortalde dei korleis Saulus på vegen hadde sett Herren, som hadde tala til han, og korleis han med frimod hadde forkynt Jesu namn i Damaskus.
28 Sidan var han støtt i lag med dei i Jerusalem og tala frimodig i Herrens namn.
29 Han tala òg med dei jødane som hadde gresk morsmål, og gav seg i ordskifte med dei. Men dei freista å få han drepen.
30 Då brørne fekk vita det, tok dei han med seg til Cæsarea og sende han derifrå til Tarsus.
31 No hadde kyrkjelyden fred over heile Judea og Galilea og Samaria. Han vart oppbygd og levde i age for Herren; og styrkt av Den Heilage Ande auka han meir og meir.
32 Medan Peter fór ikring alle stader, hende det at han kom ned til dei heilage i Lod.
33 Der fekk han sjå ein mann som var lam og hadde lege til sengs i åtte år; han heitte Æneas.