30 Då brørne fekk vita det, tok dei han med seg til Cæsarea og sende han derifrå til Tarsus.
31 No hadde kyrkjelyden fred over heile Judea og Galilea og Samaria. Han vart oppbygd og levde i age for Herren; og styrkt av Den Heilage Ande auka han meir og meir.
32 Medan Peter fór ikring alle stader, hende det at han kom ned til dei heilage i Lod.
33 Der fekk han sjå ein mann som var lam og hadde lege til sengs i åtte år; han heitte Æneas.
34 Peter sa til han: «Æneas, Jesus Kristus vil gjera deg frisk att. Stå opp og rei senga di!» Straks reiste han seg opp.
35 Og då dei som budde i Lod og Saron, fekk sjå han, vende dei alle om til Herren.
36 I Jaffa budde det ein kvinneleg læresvein som heitte Tabita, på gresk Dorkas. Ho gjorde mykje godt og tok seg av dei fattige.