40 Peter bad dei alle gå ut og la seg på kne og bad. Så snudde han seg mot den døde og sa: «Tabita, stå opp!» Ho opna augo, og då ho såg Peter, sette ho seg opp.
41 Han rette henne handa og hjelpte henne opp. Så kalla han inn enkjene og dei andre heilage og viste henne fram for dei ljos levande.
42 Dette vart kjent over heile Jaffa, og mange kom til tru på Herren.
43 Peter vart buande ei tid i Jaffa, hjå ein garvar som heitte Simon.