6 ein Gud og Far for alle, han som er over alle, gjennom alle og i alle.
7 Nåden er gjeven kvar einskild av oss alt etter som Kristi gåve vert tilmælt.
8 Difor står det:Han steig opp i det høgeog førte bort fangar;han gav menneska gåver.
9 Men at han steig opp, vil ikkje det seia at han fyrst hadde stige ned til det djupaste av jorda?
10 Og han som steig ned, han er den same som steig opp, høgt over alle himlar, for å fylla alt.
11 Det var han som gav gåver: Han sette somme til apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærarar.
12 På den måten ville han gjera dei heilage fullt dugelege til teneste, så Kristi lekam kan byggjast opp,