1 Paulus og Timoteus, Jesu Kristi tenarar, helsar alle dei heilage i Kristus Jesus, dei som bur i Filippi, med tilsynsmenn og diakonar.
2 Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!
3 Eg takkar alltid min Gud når eg tenkjer på dykk.
4 Og kvar gong eg bed for dykk alle, gjer eg det med glede.
5 For frå fyrste dagen og til no har de vore med i arbeidet for evangeliet.
6 Og eg er viss på at han som tok til med ei god gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag.
7 Det er berre rett at eg tenkjer så om dykk alle. For eg ber dykk i hjarta, og de har alle del med meg i nåden, både når eg er i fengsel, og når eg forsvarar og stadfester evangeliet.