12 Eg vil de skal vita, brør, at det som har hendt meg, heller har vorte til framgang for evangeliet.
13 Det er kjent i heile borga og mellom alle dei andre, at det er for Kristi skuld eg er i lekkjer.
14 Gjennom mitt fangenskap har dei fleste av brørne fått ei slik tillit til Herren at dei med endå større frimod enn før vågar å tala Guds ord.
15 Det finst nok dei som forkynner Kristus fordi dei er misunnelege og vil ha strid, men somme gjer det av god vilje.
16 Dei forkynner Kristus av kjærleik, fordi dei veit at eg er sett til å forsvara evangeliet.
17 Dei andre gjer det for å hevda seg og ikkje med ærleg hug, i den tru at dei kan gjera fangenskapet mitt tyngre å bera.
18 Men kva gjer det? Kristus vert i alle høve forkynt, kva måte det så vert gjort på, anten dei gjer det med baktankar eller i sanning, og det gleder eg meg over. Og eg vil halda fram med det.