8 Ja, Gud er mitt vitne på at eg lengtar etter dykk alle med Kristi Jesu hjartelag.
9 Og dette bed eg om, at kjærleiken dykkar må verta rikare og rikare på dømekraft og skjøn,
10 så de i dei ymse spørsmål kan døma om kva som er rett. Då kan de stå reine og lytelause på Kristi dag,
11 fylte av rettferds frukt som veks fram ved Jesus Kristus, Gud til lov og ære.
12 Eg vil de skal vita, brør, at det som har hendt meg, heller har vorte til framgang for evangeliet.
13 Det er kjent i heile borga og mellom alle dei andre, at det er for Kristi skuld eg er i lekkjer.
14 Gjennom mitt fangenskap har dei fleste av brørne fått ei slik tillit til Herren at dei med endå større frimod enn før vågar å tala Guds ord.