19 Det er klårt kva som kjem frå vår vonde natur: hor, umoral, sedløyse,
20 avgudsdyrking, trolldom, fiendskap, strid, avund, sinne, sjølvhevding, usemje, partistrid,
21 misunning, drikk, svir og meir av det slaget. Som eg før har sagt: Dei som fer med slikt, skal ikkje arva Guds rike.
22 Men Andens frukt er kjærleik, glede, fred, langmod, mildskap, godleik, truskap,
23 spaklynde og sjølvtøyming. Mot slike ting er ikkje lova.
24 Dei som høyrer Kristus til, har krossfest den vonde naturen med lidenskapane og lystene.
25 Har vi fått livet ved Anden, så lat oss òg ferdast i Anden.