13 Ingen må seia når han vert freista: «Eg vert freista av Gud.» For Gud vert ikkje freista av det vonde, og sjølv freistar han ingen.
14 Når nokon vert freista, vert han lokka og dregen av si eiga lyst.
15 Sidan, når lysta er svanger, føder ho synd, og når synda er mogen, føder ho død.
16 Far ikkje vilt, mine kjære brør!
17 All god gåve og all fullkomen gåve kjem ovantil, frå ljosens Far. Hjå han er det ikkje forandring eller skifte mellom ljos og mørker.
18 Av sin frie vilje har han født oss ved sanningsord, så vi skal vera ei fyrstegrøde av hans skapningar.
19 Dette må de vita, mine kjære brør: Kvar og ein skal vera snar til å høyra, men sein til å tala og sein til å harmast.