16 Far ikkje vilt, mine kjære brør!
17 All god gåve og all fullkomen gåve kjem ovantil, frå ljosens Far. Hjå han er det ikkje forandring eller skifte mellom ljos og mørker.
18 Av sin frie vilje har han født oss ved sanningsord, så vi skal vera ei fyrstegrøde av hans skapningar.
19 Dette må de vita, mine kjære brør: Kvar og ein skal vera snar til å høyra, men sein til å tala og sein til å harmast.
20 For harmen åt eit menneske fører ikkje til det som er rett for Gud.
21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar.
22 De må ikkje berre høyra ordet, men gjera etter det, elles kjem de til å dåra dykk sjølve.