7 Ikkje må eit slikt menneske venta å få noko av Herren,
8 tvihuga som det er og ustøtt i all si ferd.
9 Den bror som står lågt i verda, skal rosa seg av sitt høge stand.
10 Men den rike skal rosa seg av sitt låge stand; for som blomen i graset skal han gå til grunne.
11 Sola stig og brenn, graset visnar, blomen fell og all hans venleik kverv. På same måte skal den rike visna midt i alt sitt arbeid.
12 Sæl er den som held ut i freistingar. Når han har stått si prøve, skal han få livsens krone, som Gud har lova dei som elskar han.
13 Ingen må seia når han vert freista: «Eg vert freista av Gud.» For Gud vert ikkje freista av det vonde, og sjølv freistar han ingen.