1 Mine brør, de kan ikkje tru på vår Herre Jesus Kristus, herlegdomens Herre, og samstundes gjera skil på folk.
2 Set at det kjem to menn inn i kyrkjelyden vår – den eine i fine klede og med gullring på fingeren, den andre fattig og i skitne klede.
3 Så seier de til han i dei fine kleda: «Kom hit og finn deg ein god plass!» Men til den fattige seier de: «Du kan stå der,» eller: «Set deg her på golvet ved føtene mine!» Om de berre bryr dykk om han i fine klede,
4 gjer de ikkje då skil på folk? Har de ikkje vorte domarar med vonde tankar?