2 Set at det kjem to menn inn i kyrkjelyden vår – den eine i fine klede og med gullring på fingeren, den andre fattig og i skitne klede.
3 Så seier de til han i dei fine kleda: «Kom hit og finn deg ein god plass!» Men til den fattige seier de: «Du kan stå der,» eller: «Set deg her på golvet ved føtene mine!» Om de berre bryr dykk om han i fine klede,
4 gjer de ikkje då skil på folk? Har de ikkje vorte domarar med vonde tankar?
5 Høyr no, mine kjære brør: Har ikkje Gud valt ut dei som denne verda reknar for fattige, til å vera rike i trua og arva det riket han har lova dei som elskar han?
6 Men de har vanvørdt den fattige! Er det ikkje dei rike som held dykk nede og dreg dykk fram for domstolen?
7 Er det ikkje dei som spottar det gode namnet som er nemnt over dykk?
8 Dersom de oppfyller den kongelege lov i Skrifta: Du skal elska nesten din som deg sjølv, då gjer de rett.