9 Men gjer de skil på folk, syndar de, og lova klagar dykk som lovbrytarar.
10 For den som held heile lova, men bryt eitt av bodorda, han har gjort seg skuldig i brot på alle.
11 For han som sa: «Du skal ikkje bryta ekteskapet», han sa òg: «Du skal ikkje slå i hel». Om du då ikkje bryt ekteskapet, men slår i hel, så har du vorte ein lovbrytar.
12 De skal dømast etter fridoms lov, og i samsvar med det må de leva, i ord og i gjerning.
13 For domen skal vera utan miskunn mot den som ikkje har vist miskunn. Men miskunn rosar seg mot domen.
14 Mine brør! Kva gagnar det om nokon seier at han har tru, når han ikkje har gjerningar? Kan vel trua frelsa han?
15 Set at ein bror eller ei syster ikkje har klede og vantar mat for dagen,