7 Mennesket er slik skapt at det kan temja alle andre skapningar, både ville dyr og fuglar, krypdyr og fiskar.
8 Men tunga kan ikkje noko menneske temja, ustyrleg og vond som ho er, full av drepande gift.
9 Med henne lovprisar vi Herren og Faderen, og med henne forbannar vi menneska som er skapte i Guds bilete.
10 Or same munnen kjem det både lovprising og forbanning. Såleis må det ikkje vera, mine brør!
11 Kan det vel strøyma både friskt og beiskt vatn or same kjelda?
12 Mine brør, kan eit fikentre bera oliven, eller eit vintre bera fiken? Like lite kan ei salt kjelde gje ferskt vatn.
13 Er nokon av dykk vis og vitug, må han syna det i gjerning, i eit rett liv merkt av den tolsemd som visdomen gjev.