1 Kvar kjem han frå, all denne striden og ufreden hjå dykk? Er det ikkje frå lystene som fører krig i lemene dykkar?
2 De vil ha, men får ikkje; de drep og misunner, men oppnår ingen ting. De ligg i strid og ufred. De har ikkje, fordi de ikkje bed.
3 Og bed de, så får de ikkje, fordi de bed gale; de vil øyda det i nyting.
4 De trulause, veit de ikkje at venskap med verda er fiendskap mot Gud? Den som vil ha verda til ven, vert Guds fiende.
5 Eller meiner de at det er tome ord når Skrifta seier: Med brennhug krev Gud den ånd han har late bu i oss.