1 Og no, de rike! Gråt og jamra over all den ulukke som ventar dykk!
2 Rikdomen dykkar rotnar, og kleda vert mòletne;
3 gullet og sølvet rustar bort, og rusta skal vitna mot dykk og eta dykkar kjøt som eld. De har nytta endetida til å samla rikdom.
4 Men høyr: Den løna de heldt att for dei som skar åkrane dykkar, ropar høgt, og klageropet frå onnefolket har nått fram til Herren Sebaot.
5 I vellivnad og overflod har de levt på jorda og gjort hjarto dykkar feite til slaktedagen.
6 Den rettferdige har de dømt og drepe, og ingen gjer motstand mot dykk.
7 Ver då tolmodige, brør, til dess Herren kjem! Ein bonde må venta med tolmod på den dyre grøda som jorda gjev, til både haustregnet og vårregnet har falle.