10 Aristark, som er fange saman med meg, helsar dykk, og det same gjer Markus, syskenbarnet til Barnabas. De har fått bod om han; ta vel imot han om han kjem.
11 Jesus, som har tilnamnet Justus, helsar òg. Desse tre er dei einaste jødekristne som har arbeidt saman med meg for Guds rike, og dei har vore til stor trøyst for meg.
12 Epafras, som kjem frå dykkar eigen kyrkjelyd, helsar dykk. Han er ein Kristi Jesu tenar og strider alltid for dykk i bøn, så de kan verta ståande, fullmogne og fullt visse i alt som er Guds vilje.
13 Eg gjev han det vitnemålet at han strevar og arbeider for dykk og for dei i Laodikea og Hierapolis.
14 Den kjære Lukas, lækjaren, helsar dykk; det same gjer Demas.
15 Helsa brørne i Laodikea, like eins Nymfa og kyrkjelyden som samlast heime hjå henne.
16 Når dette brevet er opplese hjå dykk, syt då for at det òg vert opplese for kyrkjelyden i Laodikea, og at de sjølve får lesa det brevet mitt som de får frå Laodikea.