14 Den kjære Lukas, lækjaren, helsar dykk; det same gjer Demas.
15 Helsa brørne i Laodikea, like eins Nymfa og kyrkjelyden som samlast heime hjå henne.
16 Når dette brevet er opplese hjå dykk, syt då for at det òg vert opplese for kyrkjelyden i Laodikea, og at de sjølve får lesa det brevet mitt som de får frå Laodikea.
17 Sei til Arkippus: Akta på den tenesta du har fått for Herren, så du fullfører henne.
18 Eg, Paulus, skriv mi helsing med eiga hand. Kom i hug lekkjene mine! Nåden vere med dykk!