7 Tykikus kjem til å fortelja dykk alt om korleis det går med meg. Han er ein kjær bror og ein trufast tenar og medarbeidar for Herren.
8 Eg sender han til dykk nett for at de skal få høyra korleis det er med oss, og for at han skal setja nytt mot i dykk.
9 Saman med han sender eg Onesimus, den trufaste og kjære bror som er frå dykkar by. Desse to kan fortelja dykk alt herifrå.
10 Aristark, som er fange saman med meg, helsar dykk, og det same gjer Markus, syskenbarnet til Barnabas. De har fått bod om han; ta vel imot han om han kjem.
11 Jesus, som har tilnamnet Justus, helsar òg. Desse tre er dei einaste jødekristne som har arbeidt saman med meg for Guds rike, og dei har vore til stor trøyst for meg.
12 Epafras, som kjem frå dykkar eigen kyrkjelyd, helsar dykk. Han er ein Kristi Jesu tenar og strider alltid for dykk i bøn, så de kan verta ståande, fullmogne og fullt visse i alt som er Guds vilje.
13 Eg gjev han det vitnemålet at han strevar og arbeider for dykk og for dei i Laodikea og Hierapolis.