2 Hjå profeten Jesaja står det skrive:Sjå, eg sender min bodberar ¬føre deg,han skal rydja vegen for deg.
3 Ei røyst ropar i øydemarka:Ryd veg for Herren,gjer stigane hans rette!
4 Såleis stod døyparen Johannes fram i øydemarka. Han ropa ut at folket skulle venda om og la seg døypa så dei kunne få tilgjeving for syndene sine.
5 Frå heile Judea og Jerusalem drog alle ut til han; og han døypte dei i Jordan-elva, medan dei sanna syndene sine.
6 Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lerbelte om livet, og maten hans var grashopper og vill honning.
7 Han forkynte: «Etter meg kjem han som er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å bøya meg ned og løysa sandalreima hans.
8 Eg har døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med Den Heilage Ande.»