32 Då det vart kveld og sola gladde, kom dei til han med alle som var sjuke eller forgjorde;
33 heile byen var samla utfor døra.
34 Han lækte mange som leid av ymse sjukdomar, og dreiv ut mange vonde ånder. Men han lét ikkje dei vonde åndene få tala, for dei visste kven han var.
35 Morgonen etter, medan det endå var mørkt, stod han opp og gjekk til ein øydestad; der bad han.
36 Simon og dei som var med han, skunda seg etter,
37 og då dei fann han, sa dei: «Alle leitar etter deg.»
38 Men Jesus svara: «Lat oss halda fram til småbyane her ikring, så eg kan tala til folket der òg. Det er difor eg er komen.»