35 Jakob og Johannes, sønene til Sebedeus, kom til Jesus og sa: «Meister, det er noko vi vil be deg gjera for oss.»
36 «Kva vil de at eg skal gjera for dykk?» spurde han.
37 Dei svara: «Lat oss få sitja attmed deg, den eine på høgre og den andre på venstre sida di, når du tronar i din herlegdom.»
38 «De veit ikkje kva de bed om,» sa Jesus.»Kan de drikka den skåla som eg drikk, eller ta den dåpen som eg tek?»
39 «Det kan vi,» svara dei. Då sa Jesus til dei: «Den skåla eg drikk, skal de drikka, og den dåpen eg får, skal de få.
40 Men kven som skal sitja på mi høgre og venstre side, er det ikkje mi sak å avgjera. Der skal dei sitja som det er etla åt.»
41 Då dei ti andre høyrde dette, vart dei arge på Jakob og Johannes.