24 Jesus sa til dei: «De fer vilt! Og gjer de ikkje det fordi de korkje kjenner skriftene eller Guds makt?
25 For når dei døde står opp, gifter dei seg ikkje og vert ikkje bortgifte; dei er som englane i himmelen.
26 Men at dei døde står opp, det har de vel lese om i Moseboka? I forteljinga om klungeren seier Gud til Moses: Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud.
27 Han er ikkje ein Gud for døde, men for levande. De tek heilt i miss.»
28 Ein skriftlærd som hadde høyrt på dette ordskiftet, skjøna at Jesus hadde svara dei godt. No kom han og spurde: «Kva for eit bod er det fyrste av alle?»
29 Jesus svara: «Dette er det fyrste bodet: Høyr, Israel! Herren vår Gud, Herren er éin;
30 og du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av alt ditt vit og av all di makt.