1 No var det berre to dagar att til påske- og usyrdebrødshelga. Overprestane og dei skriftlærde leita etter eit høve til å gripa Jesus med list og slå han i hel.
2 «Det må ikkje gjerast i høgtida,» sa dei, «elles kunne det verta oppstyr mellom folket.»
3 Jesus var no i Betania, heime hjå Simon den spedalske. Medan dei sat til bords, kom det inn ei kvinne med ei alabastkrukke full av ekte og svært dyr nardussalve. Ho opna krukka og helte salven ut over hovudet hans.
4 Nokre som var der, vart arge og sa til kvarandre: «Kva skal ei slik øyding med salve tena til?
5 Salven kunne vore seld for meir enn tre hundre denarar og pengane gjevne til dei fattige.» Og dei tala kvast til henne.
6 Men Jesus sa: «Lat henne vera! Kvifor er de leie med henne? Ho har gjort ei god gjerning mot meg.
7 Dei fattige har de alltid hjå dykk, og dei kan de gjera vel imot når de vil; men meg har de ikkje alltid.