17 Då det vart kveld, kom Jesus med dei tolv.
18 Medan dei sat til bords og åt, sa han: «Sanneleg, det seier eg dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg, ein som et i lag med meg.»
19 Då vart dei sorgfulle, og ein etter ein spurde dei han: «Det er vel ikkje eg?»
20 Han svara: «Det er ein av dei tolv, ein som duppar i fatet saman med meg.
21 Menneskesonen går nok bort som det er skrive om han; men ve det mennesket som svik Menneskesonen! Det hadde vore betre for det mennesket om det aldri var født.»
22 Medan dei heldt måltid, tok han eit brød, takka, braut det, gav dei og sa: «Ta det! Dette er min lekam.»
23 Så tok han ein kalk, takka og gav dei, og dei drakk av han alle.