43 I det same, før han hadde tala ut, kom Judas, ein av dei tolv, og med han ein flokk som var væpna med sverd og stokkar; dei kom frå overprestane, dei skriftlærde og dei eldste.
44 Svikaren hadde avtala eit teikn med dei: «Den eg kysser, han er det. Ta han og før han bort med trygg vakt.»
45 Og då han kom, gjekk han straks bort til Jesus og sa: «Rabbi!» og kyste han.
46 Så la dei hand på han og tok han til fange.
47 Ein av dei som stod der, drog då sverdet, hogg etter tenaren åt øvstepresten og sneidde øyra av han.
48 Då sa Jesus til dei: «De kjem med sverd og stokkar og vil gripa meg, som om eg var ein røvar.
49 Dag etter dag var eg hjå dykk på tempelplassen og lærte folket; då tok de meg ikkje. Men såleis skulle skriftene oppfyllast.»