51 Ein ung mann fylgde etter Jesus; han hadde berre eit linklede om seg. Dei tok han,
52 men han sleppte linkledet og rømde naken.
53 Så førte dei Jesus til øvstepresten, og der kom dei saman, alle overprestane, dei eldste og dei skriftlærde.
54 Men Peter fylgde etter Jesus, eit langt stykke unna, til han kom inn på gardsplassen åt øvstepresten. Der sette han seg mellom vaktmennene og vermde seg ved elden.
55 Overprestane og heile Rådet leita etter vitnemål mot Jesus, så dei kunne få dømt han til døden. Men dei fekk ikkje noko på han.
56 Det var mange som vitna falskt mot han, men vitnemåla samsvara ikkje.
57 Då stod det fram nokre som vitna falskt imot han og sa: