67 Då ho såg Peter som sat og vermde seg, stirte ho på han og sa: «Du òg var med denne nasarearen Jesus.»
68 Men han nekta. «Eg veit ikkje og skjønar ikkje kva du talar om,» sa han og gjekk ut i portromet.
69 Men jenta fekk auga på han der, og tok atter til å seia til dei som stod ikring: «Han er ein av dei.»
70 Men han nekta på nytt. Litt etter sa dei som stod der, til Peter: «Ja menn er du ein av dei! Du er då galilear.»
71 Då sette han i og banna og svor: «Eg kjenner ikkje den mannen de talar om.»
72 I det same gol hanen andre gongen. Då kom Peter i hug det Jesus hadde sagt til han: «Før hanen gjel to gonger, skal du fornekta meg tre gonger.» Og han brast i gråt.