16 Soldatane førte no Jesus inn i borggarden og kalla saman heile vaktstyrken.
17 Dei kledde han i ei purpurkappe og fletta ei klungerkrone og sette på hovudet hans.
18 Så tok dei til å ropa: «Ver helsa, du jødekonge!»
19 Dei slo han i hovudet med ein stokk, spytta på han og la seg på kne og hylla han.
20 Og då dei hadde drive gjøn med han, tok dei av han purpurkappa og hadde på han hans eigne klede.Så førte dei Jesus ut og skulle krossfesta han.
21 På vegen møtte dei ein mann som kom inn frå landet, Simon frå Kyréne, far til Aleksander og Rufus; honom tvinga dei til å bera krossen hans.
22 Dei førte Jesus til den staden som heiter Golgata, det tyder Hovudskallen.