29 Dei som gjekk framom, riste på hovudet og spotta han: «No, du som riv ned templet og byggjer det opp att på tre dagar!
30 Frels deg sjølv og stig ned av krossen!»
31 På same måten gjorde overprestane og dei skriftlærde narr av han og sa seg imellom: «Andre har han frelst, seg sjølv kan han ikkje frelsa!
32 Lat no Messias, Israels konge, stiga ned av krossen, så vi kan sjå og tru!» Dei som var krossfeste saman med Jesus, spotta han, dei òg.
33 Då den sjette timen kom, vart det mørkt i heile landet, og mørkret låg til den niande timen.
34 Ikring den niande timen ropa Jesus med høg røyst: «Eloï, Eloï, lamá sabaktáni?» Det tyder: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?»
35 Nokre av dei som stod der, høyrde det og sa: «Høyr, han ropar på Elia.»