40 Langt unna stod det nokre kvinner og såg på. Mellom dei var Maria Magdalena, Salome og Maria, mor til Jakob den yngre og Joses.
41 Dei hadde fylgt Jesus og tent han då han var i Galilea. Det stod òg mange andre kvinner der, som hadde vore med han opp til Jerusalem.
42 Det var helgaftan, dagen før sabbaten, og det leid alt mot kveld.
43 Josef frå Arimatea, ein høgvørd rådsherre, som venta på Guds rike, tok då mot til seg og gjekk til Pilatus og bad om å få Jesu lekam.
44 Pilatus undra seg over at Jesus alt var død. Han kalla til seg offiseren og spurde om det var så.
45 Då han fekk dette stadfest av offiseren, lét han Josef få liket.
46 Så kjøpte Josef eit linklede, tok Jesus ned og sveipte han i det. Han la han i ei grav som var hogd ut i bergveggen, og velte ein stein attfor gravopninga.