23 Ein gong bar det så til at Jesus gjekk gjennom ein kornåker på sabbaten, og læresveinane hans tok til å riva av aks medan dei gjekk.
24 Då sa farisearane til han: «Sjå, kvifor gjer dei det som ingen har lov til på sabbaten?»
25 Han svara: «Har de ikkje lese kva David gjorde då han var i naud, og både han og mennene hans svalt?
26 Han gjekk inn i Guds hus den tid Abjatar var øvsteprest, og åt skodebrøda, dei som berre prestane har lov til å eta; han gav òg dei som fylgde han.»
27 Og Jesus sa til dei: «Sabbaten vart til for mennesket, ikkje mennesket for sabbaten.
28 Difor er Menneskesonen herre over sabbaten òg.»