4 Men sidan dei ikkje kunne koma fram til han for alt folket, braut dei opp taket over den staden der Jesus var. Dei laga ei opning og firte ned båra som den lame låg på.
5 Då Jesus såg trua deira, sa han til den lame: «Son, syndene dine er tilgjevne.»
6 Men nokre skriftlærde som sat der, tenkte med seg:
7 «Korleis kan han seia noko slikt? Han spottar Gud! Kven andre enn Gud kan tilgje synder?»
8 Jesus kjende i si ånd at dei tenkte så, og han sa til dei: «Kvifor hyser de slike tankar i hjarta?
9 Kva er lettast å seia til den lame: Syndene dine er tilgjevne, eller: Stå opp, ta båra di og gå?
10 Men så de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder» – og no vender han seg til den lame –