1 Så kom dei over til hi sida av sjøen, til Gerasenar-landet.
2 Med det same Jesus steig ut or båten, kom det ein mann imot han frå gravholene. Han hadde ei urein ånd i seg
3 og heldt til der i gravene. Ingen greidde å binda han lenger, ikkje eingong med lekkjer.
4 For han hadde ofte vore bunden, både med fotjern og lekkjer, men han hadde rive lekkjene av seg og sprengt fotjerna, og det var ingen som rådde med han.
5 Natt og dag var han i gravholene og i fjella og skreik og slo seg sjølv med steinar.
6 Då han fekk sjå Jesus langt borte, kom han springande, kasta seg ned for han