17 bad folket Jesus at han måtte dra bort frå bygdene deira.
18 Då Jesus gjekk i båten, bad den forgjorde om å få vera med han.
19 Jesus gav han ikkje lov til det, men sa: «Gå heim til folket ditt, og fortel dei kor store ting Herren har gjort for deg, og kor god han har vore mot deg!»
20 Men han gjekk av stad og tok til å fortelja rundt ikring i Dekapolis om alt det Jesus hadde gjort for han. Og alle undra seg.
21 Jesus fór atter over til hi sida med båten, og mykje folk samla seg om han. Medan han var nede ved sjøen,
22 kom ein synagogeforstandar, som heitte Jairus. Då han fekk sjå Jesus, kasta han seg ned for føtene hans
23 og bad han inderleg: «Veslejenta mi held på å døy. Kom og legg hendene på henne, så ho kan verta frisk og få leva.»