21 Jesus fór atter over til hi sida med båten, og mykje folk samla seg om han. Medan han var nede ved sjøen,
22 kom ein synagogeforstandar, som heitte Jairus. Då han fekk sjå Jesus, kasta han seg ned for føtene hans
23 og bad han inderleg: «Veslejenta mi held på å døy. Kom og legg hendene på henne, så ho kan verta frisk og få leva.»
24 Jesus gjekk med han, og ein stor folkehop fylgde etter og trengde seg innpå han.
25 No var det ei kvinne der som hadde hatt blødingar i tolv år.
26 Ho hadde vore hjå mange lækjarar og lide mykje, og ho hadde lagt ut alt ho åtte utan å få hjelp; det hadde heller vorte verre med henne.
27 Ho hadde fått høyra om Jesus. Og no kom ho midt i folkehopen og tok borti kappa hans attanfrå.