6 Då han fekk sjå Jesus langt borte, kom han springande, kasta seg ned for han
7 og ropa høgt: «Kva har du med meg å gjera, Jesus, Son åt Den Høgste Gud? For Guds skuld, pin meg ikkje!»
8 For Jesus hadde sagt til han: «Far ut or mannen, du ureine ånd!»
9 «Kva er namnet ditt?» spurde Jesus. «Legion er namnet mitt,» svara han, «for vi er mange.»
10 Og han naudbad Jesus at han ikkje måtte driva dei ut or bygda.
11 No gjekk det ein stor svineflokk og beitte der attmed fjellet,
12 og dei ureine åndene bad han: «Send oss bort til svina, så vi kan fara inn i dei!»