1 Sidan gjekk han derifrå og kom til heimstaden sin, og læresveinane fylgde han.
2 Då sabbaten kom, tok han til å læra i synagoga. Alle som høyrde han, var fulle av undring og sa: «Kvar har han dette frå? Kva er det for ein visdom han har fått? Og slike mektige gjerningar som han gjer!
3 Er ikkje dette tømmermannen, son til Maria og bror til Jakob og Joses og Judas og Simon? Og bur ikkje systrene hans her hjå oss?» Og dei støytte seg på han.
4 Men Jesus sa til dei: «Ein profet vert ikkje vanvørd andre stader enn på heimstaden sin, hjå skyldfolket sitt og i heimen sin.»
5 Han kunne ikkje gjera noka mektig gjerning der; han berre la hendene på nokre få helselause og lækte dei.